Mykje nytt for Fosse i 2023
2023 har vore eit år prega av forandringar og utvikling på mange frontar for Fosse Maskin og Transport – her får du oppsummeringa.
2023 har vore eit år prega av forandringar og utvikling på mange frontar for Fosse Maskin og Transport – her får du oppsummeringa.
Ny logo, nytt kontorbygg og ny nettside, ++!
Det har vore mykje nytt for oss i Fosse dette året, og her er nokre av dei viktigaste sakene.
Faksimile frå Sogn Avis 27.09.23.
No har me flytta inn i nyoppførte kontorlokale vegg i vegg med industrihuset. Bygget, som vart oppført på rekordtid no i haust er levert av Djønne Modus AS og vert våre primære kontorlokaler, mens dei gamle kontorlokala vert verkstadkontor.
Me sit i andrehøgda, mens me leiger ut underetasjen til mellom andre Montal. Det er framleis noko plass ledig – ta kontakt om verksemda di er interessert!
I år har me også oppretta to nye systerselskap der Fosse Maskin og Transport er hovudeigar. Selskapa heiter Maskinoppdrag AS og Vest Geomatikk, og dei leverer henholdsvis entreprenørtenester i Bergensområdet og tenester innan geomatikk og landmåling.
Vest Geomatikk får snart sine eigne nettsider, men inntil det skjer kan du lesa meir om kva dei leverer her på våre sider.
Før sommaren fekk me ny visuell profil, logo og nettside levert av Vossa-selskapet Mediesmio – trykk her for å lesa meir om tankane bak det nye designet. I løpet av vinteren skal me fylla på nettsida og oppdatera med pågåande og avslutta prosjekt.
I haust har me vore gjennom resertifiseringar både som Miljøfyrtårnbedrift og ISO 9001:2015. Resertifiseringane gjekk veldig fint, og me har sertifikater for henholdsvis tre og to nye år. Me jobbar heile tida med å forbetra verksemda vår og måten me jobbar på, og me set pris på relevante innspell frå kundar og samarbeidspartnarar om korleis me kan verta endå betre.
I år har me ferdigstilt:
I tillegg er me i ferd med å avslutta Myrmel-Lunde, der me er underentreprenør for Birkeland Entreprenørforretning.
Dette har vore lærerike og spennande prosjekt som me har henta mykje erfaring frå – tusen takk til alle samarbeidspartnarar. Som sagt skal me publisera meir informasjon om gjennomførte prosjekt under ei eigen fane på nettsida ila. vinteren.
I skrivande stund held me på med følgande prosjekt:
I tillegg venter me på klarsignal for å setja i gong arbeid på ei næringstomt i Arnadalen.