Fosse får ny logo og nettside
Strategi-workshop, merkevareprosess og designarbeid har munna ut i splitter ny nettside, logo og visuell profil for Fosse Maskin og Transport.
Strategi-workshop, merkevareprosess og designarbeid har munna ut i splitter ny nettside, logo og visuell profil for Fosse Maskin og Transport.
– Eg synest at den nye nettsida har blitt fin, og ho er litt spesiell og skil seg frå det andre i bransjen har. Eg håpar at den blir triveleg å kikka på for kundar og samarbeidspartnarar, seier dagleg leiar Harald Even Fosse.
I vår har marknadsføringsbyrået Mediesmio frå Voss jobba med ny nettside og visuell profil for Fosse Maskin og Transport AS.
Prosjektleiar Roald Himle har leia prosessen, og han er godt nøgd med resultatet:
– Eg er veldig fornøgd med både logoen og nettsida, så no gjenstår det berre å sjå kva me får igjen for dette arbeidet. Eg har trua på at dette skal funka bra, me får vist oss fram på ein litt annan måte enn tidlegare. I staden for å berre linka til Facebook-sida har me no ei ordentleg og gjennomarbeidd nettside å senda kundar til, seier Himle.
Arbeidet byrja med ein strategi-workshop der styret og leiinga i Fosse deltok. På bakgrunn av merkevareplattforma som vart utvikla her starta Mediesmio arbeidet med logoutvikling, identitetsarbeid og nettside.
– Det har vore eit spanande samarbeid: Fosse har vore nysgjerrige på og lyttande til våre forslag, og samstundes har dei komme med mange verdifulle innspel som me har brukt aktivt i arbeidet. Det er alltid kjekt når kunden engasjerer seg i prosessen, då vert alltid resultatet best, seier André Bjørkhaug, dagleg leiar i Mediesmio.
Bjørkhaug er og imponert over det sterke verdifundamentet i verksemda, som utgjorde grunnlaget for arbeidet:
– Det er lett å jobba med merkevarebygging når eit selskap er så godt "jorda" som det Fosse er. Dei har kjerneverdiane sine som ryggmargsrefleks og prøver ikkje å vera noko anna enn det dei er. Me opplever at dette er eit selskap bygd på gode og sunne verdiar som både eigarar, leiing og tilsette kan stå for, fortel Bjørkhaug.
Den tekniske løysinga til nettsida er levert av Vasser, og nettsida er lagra på Vossaskyen til Voss Kommunikasjon.
Under kan du lesa meir om kva designar Mari Hole frå Mediesmio har tenkt i arbeidet med med logo, profil og nettside.
– Eg valde ein skrifttype med massive og stødige bokstavar for å understreka Fosse som solid og tillitvekkande verksemd. I tillegg ville eg ha litt mekanisk preg. Det særeigne "hakket" i F'en og E'en kan minna om ein del av ein grab eller liknande.
– Som entreprenør er Fosse veldig synlege i fysisk miljø, og mykje av identiteten er synleg når dei er på anlegg i form av folie på bilar og maskinar, anleggsskilt og klede. For at dei skulle få maks utbytte av ny profil trong dei i tillegg til logo eit formspråk som kunne nyttast på fleire flater. Eg lot meg inspirera av den gamle logoen, og valde å bruka dei hjulspor-liknande stripene som gjentakande mønster som ein kan leika og skapa rytme og repetisjon med.
– Fargene i den visuelle profilen er faktisk inspirerte av lastebilane til Fosse!